Dei første fargane såg eg i 1963 på Nøstneset, Holmedal i Sunnfjord. Teikning og maling har eg haldt på med sidan eg som lita jente bestemt tok blyanten fatt med keiva og teikna overalt, der eg kom til.

På Kalvøy i Værlandet, i eit stort, gammalt og vakkert hus som bestefar bygde, har eg atelier og heim. Om sommaren har eg ope atelier, sjå etter skilt i Kalvøy-krysset og legg gjerne turen bortom. Eller ta kontakt!

Det er mykje energi i det synlege lyset og derfor kallar eg maleria mine for energibilder. Eg ynskjer å formidle gode fargeopplevingar til inspirasjon og glede for andre.

Som sjølvstendig næringsdrivande tek eg elles imot teikneoppdrag innan arkitektur og interiør. Fargeoppdrag i interiør. Held kurs i maling, fargeenergi og fargelære, og lagar maleri på bestilling.

Eg er utdanna interiørarkitekt og teknisk teiknar, har òg utdanning frå kunstskule og diplom i grunnkurs, fargeenergi.

Eg har bakgrunn som interiørarkitekt, og dei seinare åra før eg flytta til havet, underviste eg i interiørdesign ved Noregs Kreative Fagskole i Bergen.

Med fargerik helsing frå Anita Søreide. Foto: Renate Festervoll maleri for sal selde maleri om kunstnaren utstillingar kontakt linkar publisitet arkitektur Anita Søreide: anita@fargestudio.no